inkl. mva.
For fleire år sidan fortalde ein god venn og medarbeidar av meg noko frå eit besøk i Bethel, Redding, USA som sette i gang ein prosess i meg. Han sa at kanskje den viktigaste faktoren i det Gudsnærværet og den overnaturlege dimensjonen den forsamlinga han besøkte levde i, var ein kristen ærekultur som frigjorde liv og kraft mellom dei. Då eg høyrde dette engelske ordet, «A Culture of Honor», opplevde eg at Gud talte til meg om at dette var noko eg skulle studera for å få ny innsikt i. I dei siste åra har eg grunna mykje på dette med heider og ære. Eg har granska i Skrifta og brukt teologiske oppslagsverk for å trengja djupt inn i dette emnet. Ordet har opna seg for meg og eg har fått ny innsikt og forståing som eg ønskjer å dela i denne boka. - Erling Thu
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.