Til toppen

Salmekort vår: No livnar det i lundar

Produktnummer: 200000020682
Leveringstid:

inkl. mva.

  • Vareinfo: Dobbelt kort med salmetekst på innsiden. Den ene siden er blank, med plass til å skrive en hilsen.
    Konvolutt medfølger.
  • Mål: 10,5 x 15 cm
  • Illustratør: Anne Borgen Hiorth
Dobbelt kort med akvarell av Anne Borgen og salmen "No livnar det i lundar" (salme 844/Blix)
"Jeg synes salmene er til hjelp i livets ulike situasjoner. Det begynte med at jeg malte sneklokkene i hagen og syntes de passet til salmen Velt alle dine veie. Naturen er min inspirasjonskilde" (Anne Borgen Hiorth).
 
No livnar det i lundar, 
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar 
no fram til sumars tid.
 
Det er vel fagre stunder 
når våren kjem her nord
og atter som eit under 
nytt liv av daude gror.
 
Guds kyrkje lysa skulle 
som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde 
og utan solarglad
 
Guds ord vel alltid lyser, 
den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser, 
ligg støtt i ljos og fred.
 
Du vår med ljose dagar, 
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar 
ein betre vår ein gong,
 
då me med vigsla tunge, 
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge 
skal lova Herren vår!
 
Elias Blix