inkl. mva.
I 1517 offentleggjorde Martin Luther tesane sine mot avlatshandelen og pavekyrkja. Dette vart det avgjerande skiljet i den prosessen me kallar reformasjonen, ei rørsle som kom til å splitte den katolske kyrkja og teikne eit nytt konfesjonelt europakart. Reformasjonen tok ulik form utover i Europa. I Noreg vart ei ny kyrkjeordning innført ovanfrå, i eit stats- og kyrkjekupp der landet også mista sitt statlege sjølvstende. Det er sagt om reformasjonen i Noreg at han kom brått og uførebudd, og vart gjennomført med større einsretting enn andre stader. Men kvifor kom omveltingane så brått, og kvifor vart konfesjonsendringa så einsretta? I denne boka får vi for første gong ei samla framstilling av reformasjonen i Noreg sett i ein europeisk kontekst. Forfattaren ser på årsaker og verknader og legg vekt på å sjå dei politiske og religiøse sidene i samanheng.
Les utdrag fra boken her.
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.