inkl. mva.
Bibelforteljingar fortald for dei minste.
I denne boka møter Jesus to fiskarar, ein mann som kjem på besøk om natta, ei kvinne som hentar vatn, ti sjuke som blir friske og Sakkeus som klatrar opp i eit tre.
Boka er berekna på dei minste borna. Den er laga i kartong og er god å halde i. Det er få og enkle setningar som formidler bibelforteljingane, og til kvar historie er det knytta eit par spørsmål som kan aktivisere borna. Til dømes: Kor monge fuglar sit i treet? Kor er fiskebåten?
--
Asbjørn Håkonseth har skrive boka. Som kateket har han jobba med born og unge i kyrkja i fleire år. No er han rådgivar på IKO. Her har han særleg ansvar for IKOs barnehagenettverk og bøker for born mellom 0 og 6 år.
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.