inkl. mva.
Dei daglege bønnene i denne boka lyftar oss opp frå vår eigen kvardag og hjelper oss å finna ro og bli stille for Gud. Dagleg Bønn vil hjelpa alle, som kjenner trong til eit djupare bønneliv, til ein god bønnerytme i ei travel tid. Bønnene er anten henta frå eller inspirert av Bibelen. Dei bibelske bønnene gjev oss eit mønster og eit godt utgangspunkt for eigne bønner. Erling Thu er frå Ganddal på Jæren. Der vaks han opp i bedehusmiljøet og har vore forkynnar sidan 1962. Han var fleire år i Sarons Dal og var seinare med å starta Kristent Fellesskap, Bergen Bibelskole og Kristent Nettverk. Han har skrive fleire bøker. Han har vore gift med Solveig sidan 1964. Dei fekk seks barn saman og har ti barnebarn.
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.