Til toppen

Babylonsk harpe: dikt

Arnfinn Haram
Produktnummer: 9788292922309
Leveringstid:

inkl. mva.

  • Utgivelsesår: 2013
  • Forlag: Efrem
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Heftet
  • Kategori: Lyrikk
  • Antall sider: 94
  • Forfatter: Arnfinn Haram

Arnfinn Haram treivst i den mjuk-kvite munkekappa si, om så var på Skavlan, og den blodraude blyanten hans fór rundt som ein profet kledt i eit moderne språk, om det så var i Klassekampen eller Vårt Land; ei essay- og artikkelsamling vart innkjøpt av Kulturrådet. Då han brått døde i 2012 var førebuingane til ei diktsamling godt i gang, og Eskil Skjeldal og Ronny Spaans har ført arbeidet fram. I «Babylonsk Harpe» syner diktaren gleda og kampen sin i horisontale relasjonar og framfor Gud. Vi kjem han nær på ein heilt annan måte enn i prosaen hans, og dei mystiske draga ligg som understraumar i dikta. Samstundes er det ei jordfesta samling, tydeleg prega av diktaren sin store kjærleik til naturen. I etterordet skriv kulturredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås, meir om Harams engasjement og trekkjer blant anna vekslar på sine djupe kunnskapar om Olav H. Hauge.